|
AKTIVITETAR
Her er det rein natur med lite lydforureining, ein allsidig fauna med innslag av gaupe, jerv, ulv, kongeørn, vandrefalk, småvilt, villrein, rådyr og hjort og ein variert flora blant anna med Europas største samanhengane almeskog.

Frå Vassløysa
For dei som er spreke er det ein tøff og fin tur å starte her på 120 moh.og gå til Ormedalen ca.600 moh. for så å gå opp til Rivenosi 1339 moh.(ein høgdeforsjell på 1219 m.) det er ein tur som tek ca. 6-7 timar.
Ein rundtur som er noko lettare går opp til Gjellen der kryssar vi Krokelva og går opp til vårtsølen Vassløysa 300 moh. Herifrå går stien ned mot fjorden og Munthehuset, så går vi eit lite stykke langs fylkesvegen for så å gå opp att i Haukadalen. Denne turen tek ca. 1,5 - 2 timar.
Ein lett tur er å gå opp til Hestadalen, (eit fråflytta småbruk) 300 moh. med ein fantastisk utsikt over fjorden og Jostedalsbreen. Herifrå går vi vidare opp til Tuftene, (gamal husmannsplass) så opptil ca. 400 moh. over Kamben og ned til Holten, ( gamal husmannsplass) derifrå går turen ned att i Haukadalen. Turen tek 1 - 1,5 timar
Dette er turar de kan gå i fred og ro, mest sannsynleg utan å treffe på anna enn ville dyr og sauer.
|