« november 2018 »
november
MaTiViToFr
1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930

Kroken frukt og bær rollup

 

Kroken Frukt og Bær

På garden driv vi med vidareforedling av eigne økologisk dyrka frukt og bær, vi kjøper i tillegg inn frå andre lokale dyrkarar både økologisk og konvensjonelt. Vi lagar eplemost, saft, limonade, syltetøy, gelé, krydderolje og bringebæreddik. Alle produkta er utan konservering eller andre "skumle" E-ar Kan i periodar vere utselt for einkelte bær / fruktsortar.

/info/images/w270/806.image

 

Vi har sjølvbetening i "Vetlabui" nede ved fylkesvegen, der du plukker dei varene du vil ha og legg pengane boksen. Vi har varer i mange butikkar, gardsmatusal, restauranter og kafear rundt om i landet.

Er i Bergen på Bondens Marked.

Sjåwww.bondensmarked.no

Her er det rein natur med lite lydforureining, ein allsidig fauna med innslag av gaupe, jerv, ulv, kongeørn, vandrefalk, småvilt, villrein, rådyr og hjort og ein variert flora blant anna med Europas største samanhengane almeskog.