Heim
haukadal.no

- Om
- Salg
- Aktivitetar



Norsk Gardsmat
 

Kroken Frukt og Bær
På garden driv vi med vidareforedling av eigne økologisk dyrka frukt og bær, vi kjøper i tillegg inn frå andre lokale dyrkarar både økologisk og konvensjonelt. Vi lagar eplemost, saft, limonade, syltetøy, gelé, krydderolje og bringebæreddik. Alle produkta er utan konservering  eller andre "skumle" E-ar  Kan i periodar vere utselt for einkelte bær / fruktsortar.

/info/images/w270/806.image

I Kroken, som ligg ca 20 km. frå Skjolden inst i Sognefjorden og midt i mellom Urnes stavkyrkje og Feigumfossen har det vore busetting attende til 600 talet. Området på sørsida av Lustrafjorden byr på eit svært gunstig klima med tidleg vår og gode vekstvilkår.

Her er det rein natur med lite lydforureining, ein allsidig fauna med innslag av gaupe, jerv, ulv, kongeørn, vandrefalk, småvilt, villrein, rådyr og hjort og ein variert flora blant anna med Europas største samanhengane almeskog.

Fylkesveg 331 som går i frå Skjolden til Kinsedal blir kalla Den romantiske vegen.


Kroken Frukt og Bær, 6876 Skjolden | Tlf. 97167262
E-post: anne.lise@haukadal.no